Frist: 31. des. 2026
Kontor: Førde
Vil du jobbe med nokre av dei mest spanande utviklingsprosjekta i Noreg – og samstundes bu i fantastiske Sunnfjord?
Dette er ei open invitasjon til frontendutviklarar som vil vere med på å byggje framtidas samfunn – og ha det kjekt på vegen dit!
Til kontoret vårt i Førde ser vi etter ein erfaren utviklar som ønskjer å bli ein del av det største og mest kompetente systemutviklingsmiljøet på Vestlandet.
Hos oss får du vere med og utvikle morgondagens løysingar for viktige samfunnsaktørar innan energi, industri, forsvar og helse.
I Bouvet er vi opptekne av berekraft, tryggleik, brukarvennlegheit og effektivisering – og vi strekkjer oss langt for å levere dei beste løysingane til kundane våre.
🥕 Vi har det største fagmiljøet for utviklarar på Vestlandet, og i tillegg mange gode kollegaer innan andre fagfelt.
🥕 Ein trygg og solid arbeidsplass der vi tilbyr forutsigbarheit, støtte og langsiktig stabilitet – og der vi heiar på balanse mellom jobb og fritid.
🥕 Dei fleste av teama våre sit i lokala våre og jobbar med produktutvikling for kundane våre. Det betyr at du blir godt kjent med kollegaene rundt deg og får fagleg oppfølging av folk som bryr seg.
🥕 Vi har ein sterk delingskultur. Det viser igjen i måten vi samarbeider i prosjekta, korleis vi jobbar mot felles mål utan spisse olbogar – og at vi deler kunnskap og hjelper kvarandre.
🥕 Alle tilsette har fast løn, med overtidsbetaling og fleksitid. Prestasjonsbasert løn og individuelle bonusar er ikkje noko for oss – vi vil gi deg tryggleik gjennom fast løn, felles overskotsdeling og langsiktige avtalar med solide kundar.
🥕 Vi har heilt nye og romslege lokale på Elvekanten i Førde sentrum.
Bouvet er eit verdibasert konsulentselskap. Vi rekrutterer medarbeidarane våre ut frå eit sett med verdiar, og vi ønskjer at både leveransane våre og forholdet til kundane skal spegle desse verdiane.
Her kan du bli kjent med verdiane våre – og nokre av dei som jobbar hos oss.
Denne rolla er du perfekt for deg som har:
Vi er stolte av kulturen vår – både den faglege og den sosiale. I tillegg til ulike faggrupper og fagsamlingar er mange av oss sjølve med på å drive sosiale aktivitetar og idrettsgrupper. Nokre døme er sjakk, brettspel, volleyball, padel og bordtennis.
Som tilsett i Førde får du eit sosialt miljø lokalt, og du blir òg invitert til mange små og store faglege og sosiale samlingar i Bergen. Høgdepunktet gjennom året er Uavhengigheitsfeiringa – ein tradisjon vi gler oss til kvart år.
Vi vil fortløpende vurdere kandidatane.
Vi forventar at du openhjartig gir all relevant informasjon om deg sjølv i rekrutteringsprosessen. Det blir gjennomført bakgrunnssjekk av alle endelege kandidatar, og alle tilsetjingar blir screena mot relevante sanksjonslister for å sikre etterleving av sanksjonslovene.
 Når du søkjer på ei stilling i Noreg, vil du bli beden om å gi informasjon om eventuell tilknyting til høgrisikoland som del av ei tryggleiksvurdering.
Bouvet er et norsk konsulentselskap som designer, utvikler, forvalter og gir råd om IT-løsninger og digital kommunikasjon. Sammen med våre kunder skaper Bouvet digitale løsninger med stor betydning for samfunnet.
Bouvet ønsker å være et verdibasert konsulentselskap. Vi rekrutterer våre medarbeidere etter et sett verdier og ønsker at våre leveranser og kundeforhold også skal reflektere disse. Våre verdier er delingskultur, jordnærhet, entusiasme, troverdighet og frihet. 
Her kan du bli bedre kjent med noen av våre ansatte
Bouvet har kontorer rundt om i Norge og Sverige, noe som setter oss i stand til å forstå kundens språk, kultur og forretning. Slik kan vi forankre og løse de fleste oppdrag lokalt.